|
|||||||||||||||||||||
Innhold Pedagogisk-psykologisk
arbeid med funksjonshemmede barn i skolen Konfliktløsing mellom hjem og skole Systembasert sakkyndig rådgivning PPT Et naturlig kraftsenter for barn og unge i kommunen Landsdelsamling Fra Storefjellkurset 2.-4.6.2004 Psykisk helsearbeid i kommunene og PPT´s rolle Debattinnlegg Stillingsannonser Leder Kompetansekrav til pp-tenesta? Dette slår professor Stephen von Tetzchner fast i sin artikkel i dette nummeret av Skolepsykologi. Storingsmelding 30 gjev ikkje klåre føringar i høve til pp-tenesta som aktør i denne samanheng. Kraftsenterundersøkelsen i regi av Norsk Psykologforening som er utført av Britt-Anita Andreassen (sjå omtale i dette nummer ved Hageler og Andreassen), syner diverre at det er svært få kommunar som har oppdaga eller kjenner til at pp-tenesta har noko å tilby i høve til psykisk helsearbeid for barn og unge. Kan det vere ein samanheng mellom uklåre og manglande forventningar til pp-tenesta, og tilsvarande uklåre krav til formell kompetanse? PP-tenesta har som kjent, i samsvar med gjeldande lovverk ingen spesifikke krav til samansetting og grad av formell kompetanse. Den breidde i tilbod pp-tenesta kan gje, m.a. i høve til psykisk helsearbeid og forebygging, vil difor variere i samsvar med den reelle kompetanse som finst i tenesta. Denne variasjonen mellom kommunane kan vere ei av årsakene til at det blir vanskeleg å profilere og synleggjere tenesta som ei eintydig teneste som publikum kan «kjenne igjen» på same måten som dei til dømes kan kjenne igjen helsestasjonen uansett kva kommune ein kjem til. Vi som kjenner pp-tenesta frå «innsida» veit at tenesta både i tidlegare tider og no, fungerer som ei brei støtteteneste for barn og unge i kommunane over heile landet. Vi veit også at innsatsen i høve til direkte og indirekte arbeid når det gjeld psykiske helsearbeid er markant. Det er behov for å synleggjere dette betre for publikum . Fagstoff som har vore og blir presentert i dette tidskriftet, kan sjåast
på som ein illustrasjon på både breidda og kompetansen
som karakteriserer pp-tenesta. I dette nummeret presenterer vi Haugane
sin interessante ar-tikkel om «Systembasert sakkunnig rådgjeving».
Kjemsaas fortel oss om strategiar til bruk for å løyse konflikter
mellom skole og heim. Begge artiklane omtalar tiltak som er med på
å førebyggje psykiske vanskar hjå målgruppa.
Tidskriftet kan vere ein av fleire informasjonskanalar om tenesta, både
til brukarar og ikkje minst til kommuneleiing og administrasjon.
Redaksjonen tillet seg i den samanheng å komme med eit ønskje
for kommande Gjer også din kommuneadministrasjon merksam på «Skolepsykologi Tidskrift for pedagogisk psykologisk teneste»! Ingunn Hatløy
Utfordringar i største laget for psykologar i PPT? Er tida inne for at psykologar i større grad må marknadsføra eigen kompetanse overfor tenesteapparat og forvaltning? Og kva med psykologar i PPT? I Skolepsykologi nr. 2/04, stilte Marita Hovden spørsmål om barn og unge si psykiske helse vedkjem PPT. Tenesta er ikkje spesifikt framheva i strategiplanen, trass i at 80% av kommunalt tilsette psykologar jobbar der. Ho oppsummerer sentrale oppgåver som PPT tek ansvar for som klart er knytt til barn og unge si psykiske helse. Undringa over kvifor direktoratet ikkje nemner PPT særskilt er openberr. Skolepsykologi nr. 3/04 sette «barn og unges psykiske helse» på dagsorden med to artiklar som også viser korleis psykologar i PPT yter slike tenester. Eit av tiltaka i strategiplanen er styrking av psykologkompetanse i kommunane. Kjenner ikkje tenesteapparat og forvaltning til kva PPT og psykologar i PPT allereie gjer i høve til barn og unge si psykisk helse? PPT sin identitet vert lett assosiert med kjerneoppgåver som sakkunnig instans og «systemhjelpar». Samtak sitt fokus på tre vanskeområde og systemarbeid forsterka dette. Hovudfagsoppgåva «Kommunepsykolog i Nord-Norge, vi-sjon eller illusjon» (Hansen, 2001) viste at kommunar i Nord-Norge hadde lite kunnskap om kva psykologar kunne bidra med. Prioritering av ressursar vart gjort ut frå ei forventning om at psykologar driv akutt og kurativt arbeid. NPF si kartlegging «psykologkompetanse i kommunane» peikar på same kunnskapsmangel og forventing til kva psykologar kan bidra med. Eit anna spørsmål er om psykologar i PPT vert oppfatta som sakshandsamar eller behandlar. Ein jurist med barnevern som arbeidsfelt, omtala psykologar i PPT ved eit høve som sakshandsamar, ei rolle eg verken ønskjer å bli identifisert med eller kjenner meg att i. Bruken av ombegrepet «psykisk helsearbeid» vert lett knytt til helselovene og dermed helsestasjon/skulehelseteneste, men også psykologar sitt arbeid i PPT er regulert av Lov om helsepersonell. I dette uoversiktlege landskapet kan forvaltning og tenesteapparat lett gå seg vill når planlegging og prioritering av tiltak til beste for barn og unge skal setjast på dagsorden. PPT på landsbasis er svært ulik i prioritering av oppgåver, organisering og tenesteprofil. Forsøk på å «strømlinjeforme» tenesta har vore mange, men utan særleg hell. Slik opplæringslova ligg føre, gjev den relativt «vide fullmakter» til kommunane i utforming av tenesta. Dei gamle forskriftene definerte i større grad kva som var PPT sine oppgåver. «Forskriftene» vert no til i den enkelte kommune. Etter mi meining kan og bør PPT bruka dette handlingsrommet til å bidra med kompetanse til beste for barn og unge si psykiske helse. «Styrking av psykologkompetanse i kommunane» er NPF sitt øvste punkt på handlingsplanen i landsmøteperioden. NPF har henta inn informasjon frå kommunalt tilsette psykologar som m.a. viser stor variasjon i oppgåver; frå undervisning, planlegging, veiledning/konsultasjon, førebygging til behandling. Ønskte omprioriteringar er større fokus på førebygging/helsefremming, og i PPT, meir tid til direkte arbeid/behandling, veiledning og konsultasjon. I «Kraftsenterundersøkelsen» fekk ordførarar spørsmål om kvar kommunen har sitt «kraftsenter» for psykiske helsetenester for barn og unge. Svært få kommunar, berre 2%, vurderer PPT som kraftsenter, og om lag like få, 4%, har slike planar for PPT. Helsestasjon og skulehelseteneste toppar statistikken. I rapporten vert likevel PPT trekt fram som sentral i høve til psykisk helsearbeid for barn og unge, både som teneste og ut frå relevant kompetanse. NPF sin statusrapport frå undersøkinga viser døme på at psykologar i PPT klart bidreg med psykisk helsearbeid i kommunane. Enkelte kommunar har også tilsett psykolog i PPT, eller lokalisert til PPT, med midlar frå Opptrappingsplanen. Prosessen rundt «I første rekke» og «Kultur
for læring» viste stort engasjement i PPT, ulike faggrupper,
organisasjonar og kommunar. I uttalen frå Fo-rumstyret vart det
argumentert for å oppretthalda retten til spesialundervisning og
tenesteidentiteten, pedagogisk-psykologisk teneste. «Høgare
makter» tok dette til følgje. Innstillinga om St.meld. 30
er ferdig, og behandla i Stortinget utan store endringar. Engasjementet
viste ei aktiv haldning overfor svake grupper og deira vilkår, og
til rammevilkår og behovet for psykologkompetanse i PPT. I Forumstyret
er det semje om at prosessen sette i gang nyttige refleksjonar i høve
til PPT som teneste, prioritering av oppgåver, arbeidsmåtar,
presiseringar kring spesialundervisning, og til psykologar si rolle når
det gjeld barnehage, skule og anna tenesteapparat. Eg vil påstå
at dette er å ta medansvar for PPT har ein tendens til å omtala seg sjølv, og til å bli omtala negativt. Tenesta vert opplevd som underbemanna med lange ventelister, lite synlege fagpersonar, sakkunnige vurderingar som tek for mykje tid, lønnstaparar og persopnale med få høve til vidareutdanning. Mange nyutdanna psykologar startar karriera si i PPT, sluttar raskt og får ikkje naudsynt erfaring i høve til påverknad og nytten av tverretatleg samarbeid. Psykologar i PPT treng eit par år for å gjera seg kjend i systemet og bli trygg i rollen. For mange sluttar før dei har fått desse erfaringane, og dermed vert «fantasiane om PPT» stadfesta. «Psykologkompetanse i kommunane» viser også at heile 36% jobbar åleine som psykolog i kommunen, og fagleg nettverk blir deretter. Mange små kommunar har ikkje tilgang på psykologar, men ønskjer kompetansen. Kommunane og PPT treng ein snuoperasjon for å trekkja til seg psykologar
med interesse for arbeid i andre organisasjonar enn helseforetak. Den
bør psykologar i PPT ta del i, t.d. ved å dela erfaringar
om prosjekt innan ulike områder av psykisk helsearbeid, i særleg
grad utanfor eigne rekkjer. Kor mange les t.d. Skolepsykologi utanfor
PPT? Spesialiteten i samfunnspsykologi rettar seg i stor grad inn mot
arbeid i kommunen. Den har m.a. fokus på helsefremming, førebygging,
kunnskap om det offentlege system, tilhøve til media. Fleire psykologar
i PPT har spesialisert seg i samfunnspsykologi, og funne høvelege
rollemodellar og arbeidsmåtar som supplement til den kliniske. Spesialiteten
gjev førebels ikkje rett til driftstilskot eller trygderefusjon.
Eigne kommunale heimlar vert drøfta, og bør koma. Spesialiteten
«klinisk psykologi i skolen» er avvikla, og smelta saman med
den kliniske spesialiteten «barn og unge». Så Fornya tru på, og inspirasjon til ei meir aktiv og utadretta psykologrolle, fekk eg på siste kursblokk i samfunnspsykologi. Psykologar la fram eigne prosjekt. Felles erfaringar var at psykologar sjølv kan setja dagsorden, bruke media til informasjon og marknadsføring av tiltak, og etablere arenaer for fagleg drøfting og tverrfagleg samhandling. Prosjektjobbing gav også «personleg overskot». Slike konsekvensar er ønskjeleg i utforming av ei framtidig kommunal psykologrolle. Mi utfordring til kollegaer i PPT; det er ingen grunn til «å stå med lua i handa» ved inngangen til eit nytt arbeidsår! Anna Mo-Bjørkelund
|