PPT ppt pedagogisk-psykologisk tjeneste pedagogisk psykologisk tjeneste pp-tjenesten pp tjenesten
 


KONTOR
OVERSIKTEN



SKOLEPSYKOLOGI
Tidsskrift for pedagogisk-psykologisk tjeneste
Nr. 3, 2005 Årgang 40

Innhold

Leder: Brukarundersøking av spesialundervisninga
Av Ingunn Hatløy

Innspill fra Forum: "Englebarn"
Av Anna Mo-Bjørkelund

Har du hørt at ...

Eleven i Fokus?
Av Jens B. Grøgaard og Eifred Markussen

Problembarn?
Av Gro Nærø

Matematikkvansker ­ lærevansken PPT glemte?
Av Olav Lunde

Brukermedvirkning i PP-tjenesten
Av Øystein Lund

Debattinnlegg
Av Dag Øyvind E. Nilsen

Debattinnlegg
Av Erik Hageler

Leder

Brukarundersøking av spesialundervisninga

Grøgaard og Markussen sin artikkel som blir presentert i dette nummeret, snur opp ned på mange oppfatningar, mellom anna om organisering av spesialundervisning. Forskarane har komme fram til at organisering av spesialundervisninga ikkje har direkte innverknad på trivsel, og at elevar som får spesialundervisning i grupper og einetimar i gjennomsnitt trivast betre enn dei som får undervisninga i ordinære klassar. Særleg blir dette synleg for elevar i ungdomskole og vidaregåande skole. Av andre interessante funn kan nemnast at lærarar meiner at PPT har for lite fokus på relasjonen lærar/elev og at hjelpa PPT kan gje, difor blir mindre relevant. Nærø sin artikkel ²Problembarn ?² kan i så fall vere nyttig lesnad. Her har ein representant for PPT sett fokus på samspel og relasjonen lærar/elev når det gjeld tiltak og førebyggjing av åtferdsvanskar. Andre forskingsfunn i undersøkjinga til Grøgaard og Markussen blir kommentert av Engen Nilsen og Hageler.

Foreldre og barn er etter mange si meining PPT si primære brukargruppe. Dei aller fleste av dei nemde brukarane godkjenner PPT sin kompetanse, ifølgje Grøgaard og Markussen. Men har foreldre\barn, eller andre brukarar (skolar, barnehagar) formalisert brukarmedverknad i høve til PPT sitt arbeid? Er det bruk for eit organ for brukarmedverknad for å kvalitetssikre arbeidet som blir gjort? Lund stiller desse viktige spørsmåla i dette nummeret av Skolepsykologi.

PPT har i tiår hatt fokus på lese-skrivevanskar, andre lærevanskar med basis i sansedefektar ved syn og hørsel og ulike åtferdsvanskar. Kan matematikkvanskar i den samanheng vere ²lærevansken PPT glemte²? Lunde presenterer problemstillingar for vidare forsking som bidrag til kompetanseutvikling på området. Problemstillingane er framkomne som resultat av ei undersøkjing der godt over hundre PPT kontor har svart på spørsmål. Resultatet vil vekke gjenkjenning og ettertanke.

Redaksjonen vonar at dette som er nemt, og meir til, vil bli opplevd som interessant og utfordrande lesnad i vårvekene framover!

Ingunn Hatløy

Til toppen av siden Tilbake til forrige side Til hovedside



Innspill fra Forum

"Englebarn"

Foreldre og fagfolk med interesse for barn sine utviklingsvilkår har i det siste benka seg framfor fjernsynet for å sjå på ”Englebarn”, ”SuperNanny” og ”SOS-barnevakten”. TV2 er i full gang med å rekruttera norske familiar, og jaktar på den norske ”SuperNanny” til sitt reality-konsept. Programma viser foreldre som har vanskar med samarbeid og samkøyring, og som ofte har ulikt syn på ”barns beste”. Dei får intensiv hjelp til å få betre kontakt med barna og betre kontroll. Sjølv har eg sett nokre av programma med ein blanding av skepsis og ein viss nysgjerrighet. På fjernsyn kan ”gråstein lett bli til gull”, og tvilen på raske endringar er nærliggjande. For dei som står framfor kamera, vert fortviling og maktesløyse, snudd til større tryggleik i foreldrerolla. Og barna framstår som ”englebarn”, på fjernsyn.

Strategiane og prinsippa er kjende frå metodar som er nytta i Norge, ma. MST, PMTO, Marte meo og ”de utrolige årene”. Bruk av ros, positiv merksemd, førebuing, faste rutinar, ignorering og time-out, er kjende strategiar for åtferdsendring og relasjonsutvikling. Profilerte fagfolk, som Willy-Tore Mørch, har kommentert programma i media og stiller seg bak strategiane, men ber samstundes foreldre vera kritiske til utelukkande bruk av åtferdsregulerande tiltak. Slik ”familiereality” kan i beste fall bidra til at foreldre og kanskje fagfolk, ”ser lyset”. Det skapar også debatt om den kontinuerlege utfordringa vi alle kjenner i samspel med barn og unge. I verste fall kan det gje dårleg samvit i ein alt travel kvardag med krav om å lukkast, også i oppdragarrolla.

Det er truleg svært varierande i kva grad PPT nyttar slike intensive metodar. Det er avhengig av kompetanse, metodeopplæring, tidsbruk og tradisjonar. Element frå metodane vert likevel ofte nytta i PP-medarbeidarar sitt samarbeid med foreldre, barnehage og skule. Mykje av dette kjenner vi att frå klassisk åtferdsteori og meir kognitive tilnærmingar. Ein av dei store skilnadene på vårt arbeid og ”programma”, er den systematiske bruken, og den omfattande oppfølginga familiane får. Få PP-kontor prioriterer å bruke så stor innsats på å hjelpe ein einskild familie. Vi spreier oss tynt utover, prøver å nå over alle, og endar kanskje med å hjelpe få.

”Stor misnøye med PPT” sto det å lesa i Aftenposten, 14.02.05. Artikkelen byggjer på rapporten ”Eleven i fokus” (NIFU/STEP, på oppdrag frå Utd.dir.), ei evaluering av spesialundervisning, og samarbeidet med PPT og Statped (Sjå artikkel i dette nummer. red.). Eg stiller meg spørjande til publisering av ein rapport med berre 25% svar. Skulen etterlyser meir involvering, tydlegare førstelinjefokus og større brukarmedverknad. Foreldra derimot, er meir positive, særleg når dei opplever medverknad og at samarbeidet mellom ulike instansar fungerer. Rapporten peikar også på at barn med sosiale vanskar trivst dårlegast, noko eg tykkjer er svært innlysande. Denne gruppa får truleg ikkje eit tilfredsstillande utbyte av skulesituasjonen korkje fagleg eller sosialt, og då er det ikkje vanskeleg å forstå at trivselen vert låg.

Er dette eit ønskje frå dei skuletilsette om større involvering, som til dømes PPT-tilsette med kamera og headset i klasserommet? Eller i samspel med åtferdsvanskeleg ungdom? Eller er det eit signal frå skulen om at PPT eller andre bør overta ansvaret for desse elevane? Meir involvering vil utfordra både undervisningspersonell og kulturen ved den enkelte skule med tanke på elevsyn, læringssyn og organisering. Dersom lærarar får meir opplæring i relasjonsutvikling, kan det føra til at fleire trivst på skulen. Raundalen kommenterte nyleg ein artikkel av Jesper Juuhl i ”Psykisk helse”; ”Det er ikke lov å si at et barn er umulig. Det er bare umulig sammen med meg” (Sjå ”Har du høyrt at ...” red). Til ettertanke.

For å bli ”englebarn” trengst kloke vaksne som stettar behovet for å bli ”sett, høyrt og forstått”, få utfordringar ein kan meistra og deltaking i eit sosialt fellesskap. Barn som er i kontakt med PPT får ikkje alltid det, av ulike grunnar. Forslag til endringar i Opplæringslova ligg klar. PPT sine oppgåver og retten til spesialundervisning er foreslått uendra og sakshandsaminga endra. Omfanget av sakkunnige vurderingar kan bli redusert, noko som truleg kan frigjera kapasitet i PPT. Eg skulle ønskja at statsråden får rett i si forventning om at ei lovendring vil gje betre tilpassa opplæring. Men eg er redd dette ikkje er tilstrekkeleg for alle. PPT bør framleis vera barn og foreldre sin støttespelar i samarbeidet med barnehage og skule. Og, ein sentral instans i kommunen sitt arbeid med å skapa ”englebarn”.

Timane framfor fjernsynet sette meg på nokre tankar. Er det rom for å arbeida meir slik i PPT, intensivt og konsentrert med grunnlag i metodane og arbeidsformene som er nemnt over? Eit spørsmål er om slik innsats også ville bidra i skulane sitt arbeid med betre tilpassa opplæring for alle. Eit anna er om PPT ville blitt meir som ”englebarn” i skulane sine auge. Uansett trur eg at alle involverte i ein slik prosess ville fått erfaringar med å skapa ”englebarn”, som truleg kan nyttast i framtidige møte med barn og unge med særlege behov.

Anna Mo-Bjørkelund

Til toppen av siden Tilbake til forrige side Til hovedside



"Har du hørt at ..."

Nasjonal konferanse. "Kompetanseløft - løft eller løftebrudd for den inkluderende skolen - det kommer an på lærerne". Konferansen blir arrangert i Tromsø 6. - 7. juni 2005. Edvard Befring, Thomas Nordahl og Willy-Tore Mørch mellom andre, er førelesarar. Informasjon om konferansen:
Karin.Rornes@tromso.kommune.no - tlf. 77 79 02 49.

Tiltak ved problemåtferd. Kva slags tiltak og program er best for førebygging og reduksjon av problemåtferd? Kva kjenneteiknar skolar som lykkast i arbeidet med problemåtferd? Kva kan læraren gjere når det oppstår problemåtferd i klassen? Ei arbeidsgruppe nedsett av Utdannings- og forskningsdepartementet og Barne- og familiedepartementet har gjennomgått 25 program for reduksjon av problemåtferd og utvikling av sosial kompetanse. Les meir her

Triste barn kan vere sunne barn. Følsomme barn og barn som er triste kan være både naturleg og sunnt når kjenslene er knytt til daglegdagse hendingar. Men barn som er triste fordi dei saknar vaksenkontakt er i
faresona. Les meir her

Afasitest på norsk. For første gang kjem ein grundig semantisk test for å kartlegge afasi på norsk. Mange personar med afasi har vanskar med å gjenkalle ord. Pyramide- og palmetesten undersøkjer om det er vanskar med å forstå tydinga til orda som ligg til grunn for problema. Les meir her (hvis siden ikke vises, prøv http://pptnett.ls.no)

Sluttrapport frå Prosjekt Statped 2005. Prosjektktsekretariatet i ²Prosjekt Statped 2005² har no overlevert sin sluttrapport til Utdanningsdirektoratet. Prosjektsekreteriatet foreslår at Statped skal være eit samla, nasjonalt spesialpedagogisk tenestesystem som skal ha høg kompetanse i høve til spesialpedagogiske oppgåver og utfordringar. Det vert vidare gjort framlegg om at Statped skal vere til hjelp for opplæringsansvarlege instansar med å utvikle ei tilpassa, likeverdig og inkluderande opplæring for alle, særlig for barn, unge og vaksne med store og samansette behov. Statped skal være ein supplerende teneste til lokalt PPT. Les meir på http://pptnett.ls.no

Syskjensjalusi. Syskjen skal ikke behandlast likt. Å verdsette og respektere eit barn innebær å lytte til barnet, sjå barnet sitt behov og eigenart, seier spesialist i samfunnspsykologi Birgit Rogde. yskjensjalusi har nok alltid vore tilstades i syskjenflokkar. Dagens familie har ofte færre barn enn det som var vanleg i storfamilen. Det blir difor meir fokus på kvart enkelt barn og tilhøvet barna i mellom. Som del av en stor syskjenflokk hadde barna som oftast sine tildelte roller der den eldste tok ansvar for mindre syskjen. Dei hadde ofte felles arbeidsoppgåver og var på den måten meir avhengige av eit samarbeid seg i mellom. Barna i dag opplever dette fellesskapet i mindre grad, og då blir konkurransen mellom sysken også meir merkbar, sier Birgit Rogde. Les meir: www.helsenytt.no/artikler/soeskensjalusi.htm

Fire verdiar. Den danske familieterapeut og fagbokforfattar Jesper Juul meiner at verdiane Likeverd, Integritet; Autensitet og Ansvar kan tene som rettesnor for foreldre. "Perfekte foreldre er farlege", er nokre av hans provoserande formuleeringar.
Les meir: Psykisk helse nr 1/2005.

 

Til toppen av siden Tilbake til forrige side Til hovedside